Om Rauland Kraftforsyningslag SA

Me er eit samvirkelag med skiftande kapital og skiftande medlemstal etter som tilhøva tilseier til ei kvar tid. Det vil sei at dei som til ei kvar tid er kunde hos RK Nett, er medlemmer/eigarane av selskapet.

Årsmøtet vel styre, godkjenner årsmeldinga og rekneskapen samt vel revisor. Styret består av sju styremedlemmer valde for 3 år om gongen. Styret vel seg i mellom formann og nestformann for eit år om gongen. Selskapet har ein praksis på at alle bygdesokna er representerte i styret.

Når ein teiknar nettkontrakt med RK Nett AS blir ein automatisk medlem av laget. Ønskjer ein ikkje å vera medlem melder ein dette skriftleg til laget. Uavhengig av talet på nettkontraktar har ein og same juridiske person eit medlemskap.

Medlemskapet opphøyrer når ein ikkje lenger er nettkunde hjå RK Nett AS.

Rauland Kraftforsyningslag SA vart 1.januar 2021 organisert som konsern, organisert med morselskap som samvirkelag og 2 dotterselskap som aksjeselskap, RK Nett AS og Rauland Fiber AS. Kraftomsetninga Rauland Kraft AS vart selt til Kraftriket 30.juni 2025.

RKSA eig i tillegg 40% av Telefiber AS og ca. 2%i Nettalliansen

Diagram som viser eierforholdene til Rauland Kraftforsyningslag SA, inkludert datterselskaper RK Nett AS og Rauland Fiber AS, og deres tilknytning til Telefiber AS og Nettalliansen. Diagrammet inkluderer prosentandeler for aksjonærer og datterselskaper.

Mål og visjon

Mål

  • Operere med optimal effektivitet.

  • Være ein attraktiv arbeidsplass.

  • Være ei framtidsretta verksemd.

  • Bli oppfatta som ein positiv aktør i lokalsamfunnet.

Visjon

RKSAs visjonar vil i hovudsak realiserast gjennom dotterselskapa:

  • Ha særs god forsyningsikkerheit.

  • Ha lågast moglege prisar for nettkundane.

  • Ha konkurransedyktige prisar i øvrig verksemd.