Ledig stilling Nettsjef

Rauland Kraftforsyningslag(RK) er eit privat eigd kraftselskap lokalisert på Rauland i Telemark. RK står framfor ei spanande tid med oppbygging av smarte sensorstyrte nett som er ein viktig del av Nettavdelinga sine oppgåver. RK har ein stor årleg tilvekst av kundar som genererar stor aktivitet og tempo i selskapet.

Rauland er ein turiststad ved foten av Hardangervidda med eit godt og levande lokalsamfunn, godt barnehagetilbod, stort utval av lag og foreiningar som gjer lokalsamfunnet rikt og attraktivt.

Arbeidsoppgåver

•   Nettsjef leiar Nettavdelinga og rapporterar til elverksjef.

•   Som nettsjef vil ein delta i selskapets leiargruppe og ha ansvaret for strategisk, teknisk og økonomisk planlegging av kraftlinjenettet.

•   Overordna ansvar for drift og vedlikehald av regionalnett distribusjonsnett og fibernett.

•   Dagleg operativ drift, deltaking i vaktordning kan påleggast.

Kvalifikasjonar

•   Det søkjast etter person med relevant høgare teknisk utdanning og erfaring med drift av kraftlinjenett.

•   Gode leiareigenskapar, god samarbeidsevne og gjennomføringsevne, evne til å motivere og inspirere sine medarbeidarar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

•   Godt arbeidsmiljø i nye kontorlokale.

•   Gode forsikring og pensjonsvilkår.

•   Konkurransedyktig løn og arbeidsvilkår.

Oppstart: etter avtale.

Arbeidsstad: Raulandsvegen 1713, 3864 Rauland

Interesserte kan ta kontakt med Elverksjef Tor Olav Nystog, på mobil: 480 17 855 eller e-post: torolav@rauland-kraft.no eller vår rekrutteringsrådgivar Roar H. Olsen på mobil 913 02 225 eller e-post rho@talent-gallery.no. Søknadar og henvendelsar behandlast konfidensielt.

Skriftleg søknad med CV sendast til vår rådgivar
- rho@talent-gallery.no

Søknadsfrist: 12.10.2018