Personvernfråsegn

Personvern er ein grunnleggjande rett som inneber at alle har rett til privatliv og til å kunne rå over eigne personopplysningar.

Rauland Kraftforsyningslag SA tek vare på personvernet til kundane våre. Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som kunde. Døme på dette er namn, adresse, fødselsnummer, kontonummer, målenummer og opplysningar om straumforbruk. Du skal kjenne deg trygg på at handteringa av personopplysningane dine skjer i samsvar med gjeldande reglar, og at det blir sett i verk høvelege tiltak både teknisk og organisatorisk, slik at personopplysningane blir trygt handterte og at handsaminga kan dokumenterast.

Ansvaret for handsaminga

Rauland Kraftforsyningslag SA er ansvarleg for handsaminga av personopplysningane i samband med alle tenestene som Rauland Kraftforsyningslag SA leverer.

Når ein bestiller og tek i bruk tenestene våre, blir det etablert eit kundeforhold som utgjer eit lovleg grunnlag for handsaminga av personopplysningane dine.

Handsamingsgrunnlaget

Dette vil typisk vera heimla i lov og forskrift, avtale med kunde eller samtykke. Eit anna alternativ kan vera såkalla rettmessig interesse i favør av den ansvarlege for handsaminga

Handsamingsføremål

Aktuelle føremål for handsaminga av personopplysningar i Rauland Kraftforsyningslag SA kan typisk vera:

.        Administrere kundetilhøve

.        Måling, avrekning og fakturering

.        Teknisk drift og kundestøtte

.        Marknadsføring

Personopplysningane blir bruka til å administrere kundetilhøvet ditt, gjeva deg dei tenestene du har registrert deg for, gjennomføre leveransen og faktureringa.

Rauland Kraftforsyningslag SA handsamar dei personopplysningane du gjev opp når du registrerer deg hjå oss og opplysningar som du på anna vis gjev frå deg, til dømes til nettleverandøren din. Døme på personopplysningar som me utvekslar med nettleverandøren din kan vera fødselsnummer, namn, adresse, e-postadresse, mobilnummer og id knytt til målepunktet/anlegget ditt. Rauland Kraftforsyningslag SA hentar inn og lagrar personnummeret ditt frå folkeregisteret.

 Lagring av personopplysningarpbevaring og lagring av

Me lagrar personopplysningar i samsvar med gjeldande lov, og syter for tekniske og organisatoriske tiltak som sikrar dei.

Personopplysningane dine vil berre bli lagra så lenge Rauland Kraftforsyningslag SA har eit rettsleg grunnlag for det, og ikkje i noko høve lenger enn det som følgjer av dei lovene som gjeld til ei kvar tid. Det rettslege grunnlaget vil vera avtale, samtykke eller heimel i lov. Når Rauland Kraftforsyningslag SA ikkje lenger har rettsleg grunnlag for å lagre personopplysningar, vil opplysningane bli sletta eller anonymiserte.

Utlevering av personopplysningar – teieplikt

Me vil ikkje levere ut personopplysningar som gjeld deg eller nokon i same husstanden til utanforståande, bortsett frå når utleveringa skjer:

a.       med samtykke frå den opplysningane gjeld

b.       med heimel i lov eller forskrift gjeven med heimel i lov

c.       etter pålegg frå ein domstol eller anna styresmakt

d.       som ledd i betalingsinnkrevjing mv., når det ligg føre saklege grunnar

Innsyn og rettar

Du har til ei kvar tid rett til innsyn i dei opplysningane som Rauland Kraftforsyningslag SA har registrert om deg. Du kan òg krevje at personopplysningar blir retta og sletta, i samsvar med gjeldande lov.