Personvern App

Rauland Kraft-app er ein mobilapplikasjon som gir deg tilgang til informasjon om ditt kundeforhold, tilgang til ulike tenester levert av Rauland Kraft AS og våre samarbeidspartnarar, samt tilgang til dine fordelar i fordelsprogrammet vårt. For å kunne ta i bruk appen må du vera kunde, eller bli invitert av nokon som er kunde hjå Rauland Kraft AS.

Når du brukar appen handsamar me dine personopplysningar. Dette vert gjort i samsvar med personopplysningslova, og nedanfor finn du meir informasjon om korleis me handsamar personopplysningane dine når du brukar appen.

Personvern for strømkunder (https://rauland-kraft.no/personvernserklaering/) gjeld i tillegg.

Handsamingssansvarlig for appen er Rauland Kraft AS (org.nr. 925 017 515). Har du spørsmål om personvern kan du kontakta vår kundeservice som vil setja deg i kontakt med vårt personvernombud.

Raulandsvegen 1713, 3864 RAULAND.

epost@rauland-kraft.no (mailto:epost@rauland-kraft.no)

Kundeservice: tlf. 35 06 20 75, kvardagar klokken 08.00-15:00.

Innsamling og bruk av personopplysningar

Når du tek i bruk appen ber me om namn, fødselsdato og mobilnummer slik at du kan registrera deg i appen og få tilgang til informasjon om ditt kundeforhold via appen.

Når du tek i bruk appen, brukar me adressa du har registrert hjå oss til å tilby deg geografisk relevante fordelar gjennom fordelsprogrammet.

Dersom du har blitt invitert inn i appen av ein person som er kunde av oss, knyter me dine personopplysninger sammen med vedkomande sine personopplysningar, slik at riktig informasjon kjem til syne i appen.

Etter kvart som me utviklar funksjonaliteten og tenestane i appen vil me be deg om tilgangar til informasjon i din mobiltelefon for å kunne tilby deg desse tenestane. Desse tilgangane kan du seinare styra via innstillingane til mobiltelefonen din.

Tenester frå andre selskap tilbydd via appen

I appen kan du kjøpa og bruka tenester som me tilbyr i samarbeid med andre selskap. Dersom ei slik teneste inneber at du må gje dine personopplysningar til eit anna selskap, er det dette selskapet som vil vera ansvarleg for handsaming av desse personopplysningane. Kjøp av slike tenester inneber at me utleverer dine personalia og kontaktinformasjon til disse selskapa slik at kjøpet kan verifiserast og slik at du kan ta i bruk tenesta. Me mottek ikkje personopplysningane du gjev til desse selskapa med mindre du har samtykka til det.

Analyse av bruksmønstre

Me brukar sporingsverktøy frå Google Analytics og Firebase for å overvaka bruksmønster i appen slik at me kan forbetra brukaropplevinga.

Opplysningar me får frå andre

Undervegs i kundeforholdet kjøper me inn sannsynlegheitsvurderingar om våre kunder frå ein ekstern leverandør, og desse vurderingane er basert på statistiske analysar av resultat frå spørreundersøkingar og aggregerte data frå offentlege register slik som for eksempel folkeregisteret, skatteetaten, Netlife og Statistisk sentralbyrå (SSB).

Utlevering av personopplysningar

Din bruk av appen inneber ikkje at me utleverer dine personopplysningar til andre, med mindre me er pålagt det gjennom lov eller via andre behandlingsgrunnlag.

Dine rettigheiter

Etter personvernregelverket har du ein generell rett til innsyn i, og retting eller sletting av personopplysningar. Du har også rett til å protestere mot handsaminga, rett til avgrensing av den og rett til dataportabilitet. Har du spørsmål om dine rettigheiter kan du kontakte kundeservice. Dersom du meiner at me ikkje handsamar personopplysningane dine i tråd med personvernregelverket, har du rett til å klage til Datatilsynet.

Endringar

Denne personvernerklæringa vil me koma til å endra utan vidare, dersom det følger av lovpålagte krav eller dersom me utfører mindre endringer i appens funksjonalitet.