Årsmeldingar

Årsmelding 2017

Årsmelding 2016

 

Endring av §3 i vedtektene 
I tråd med oppfordring frå årsmøtet i 2017 har styret i RK eit forslag til vedtektsendring. For ikkje å låse valnemnd til den geografiske representasjonen i styret ynskjer ein å gje opning for å velje representantar frå andre grendelag når det er vanskeleg å finne styrerepresentantar i frå kvar grend.

Ein foreslår fylgjande vedtektsendringar for årsmøtet:

·         Endre frå skal til bør om geografisk fordeling

·         5 av dei 6 årsmøtevalde styremedlemane skal bu fast i forsyningsområdet

·         Personlege varamedlemmar fjernast og endrast til 2 faste varamedlemmer i tillegg til vara for tilsette.

Endring i vedtektene må ut på uravrøysting.

Forslag til ny §3: Vedtektsendringa gjer at overstreka tekst vert erstatta av understreka tekst.

Laget skal ha eit styre på sju medlemmer med personlege og 2 årsmøtevalde varamedlemmer. Kvart kjønn skal vera representert med minst 40 % av medlemmene. Årsmøtet vel styremedlemmer og varamedlemmer for tre år om gongen. Medlemmene skal bør ha følgjande geografiske fordeling: 1 representant frå Arabygdi/Vaa, 2 representantar frå Rauland, 1 representant frå Møsstrond, 1 representant frå Øyfjell, 1 representant frå utanbygds-buande hytteeigarar. I tillegg vel dei tilsette 1 representant med personleg varamedlem.

Fyrste gong avgjer lutkast kva for 2 medlemmer med personlege og varamedlemer som er på val 1., 2. og 3. år. Tilsettes styremedlem og varamedlem følgjer perioden til dei som er uttrekt 3 år.

5 av dei 6 årsmøtevalde styremedlemmane skal bu fast i forsyningsområdet.
Styret vel seg i mellom leiar og nestleiar for eitt år om gongen. Elverksjefen skal vera med i styremøte, med unnatak av dei saker som vedkjem han sjølv. Elverksjefen har ikkje stemmerett.