VEDTEKTER for Rauland Kraftforsyningslag SA

Vedtekne på årsmøtet 8. juni 2010.

§ 1

Rauland Kraftforsyningslag er eit samvirkelag med skiftande kapital og skiftande medlemstal etter som tilhøva tilseier til ei kvar tid.
Laget har sitt forretningskontor i Rauland i Vinje kommune.
Formålet til selskapet er å syte at kundane får ei så god og rimeleg energiforsyning som råd er gjennom:

- å eige, byggje og drive anlegg for energiforsyning og telekommunikasjon.
- å omsette energi.
- å produsere energi eller å delta som eigar av produksjonsanlegg.

§ 2

Når ein teiknar nettkontrakt blir ein automatisk medlem av laget. Ønskjer ein ikkje å vere medlem melder ein dette skriftleg til laget. Uavhengig av talet på nettkontraktar har ein og same juridiske person eit medlemskap. Det skal ikkje betalast andelsinnskot eller medlemskontingent.

§ 3

Laget skal ha eit styre på sju medlemmer med personlege varamedlemmer. Kvart kjønn skal vera representert med minst 40 % av medlemmene. Årsmøtet vel styremedlemmer og varamedlemmer for tre år om gongen. Medlemmene skal ha følgjande geografiske fordeling: 1 representant frå Arabygdi/Vaa, 2 representantar  frå Rauland, 1 representant frå Møsstrond, 1 representant frå Øyfjell, 1 representant frå utanbygds-buande hytteeigarar. I tillegg vel dei tilsette 1 representant
Fyrste gong avgjer lutkast kva for 2 medlemmer med personlege varamedlemmer som er på val 1., 2. og 3. år. Tilsettes styremedlem og varamedlem følgjer perioden til dei som er uttrekt 3 år.    
Styret vel seg i mellom leiar og nestleiar for eitt år om gongen. Elverksjefen skal vera med i styremøte, med unnatak av dei saker som vedkjem han sjølv. Elverksjefen har ikkje stemmerett.

§ 4

Styret vert kalla saman av styreleiaren eller når minst to av styremedlemmene krev det. Styret kan gjera lovlege vedtak når minst fire av medlemmene stemmer for framlegget. Det skal førast møtebok.

§ 5

Styret skal leie laget i samsvar med krava i gjeldande lovar, laget sine vedtekter og dei vedtak som vert gjort på årsmøtet. Styret skal tilsetta/avsetta elverksjefen. Styret har rett til å gjera vedtak i alle saker med unnatak av slike som årsmøte i fylgje vedtektene skal vedta.

§ 6

Årsmøte skal haldast innan utgangen av juni. Omframt årsmøte kan haldast når styret finn det nødvendig, eller når revisor eller minst ein tidel av medlemmene skriftleg krev det. Innkalling til årsmøtet skal sendast skriftleg til alle medlemmene seinast to veker før møtet skal haldast. Fristen på 2 veker gjeld ikkje ved innkalling til omframt årsmøte.

§ 7

Årsmøtet tek opp til handsaming:

  1. Årsrekneskap og årsmelding.
  2. Val av styremedlemmer med varamedlemmer.
  3. Val av medlemmer og leiar til valnemndi.
  4. Val av registrert eller statsautorisert revisor.
  5. Fastsetting av godtgjersla til styret og revisor.
  6. Andre saker som etter loven eller vedtektene høyrer inn under årsmøtet.

§ 8

Årsoverskot skal nyttast til eigen kapital.

§9

Saker som skal fram på årsmøtet, må meldast skriftleg innan utgangen av april.

§ 10

Årsmøtet vert styrt av styreleiaren. Møteboki skal underskrivast av styreleiaren og minst 2 medlemmer.

§ 11

Alle vedtak, både på vanleg og omframt årsmøte, vert avgjort med vanleg fleirtal. Står talet på røyster likt, gjer styreleiaren si røyst utslaget. Ved val vert det lutdraging i høve av likt røystetal.
Framlegg om endring i laget sine vedtekter skal etter tilråding frå årsmøtet sendast medlemmene til uravrøysting. Vedtektsendring krev tilslutning frå minst 2/3 av dei avgjevne røystene.
Medlemmene har ei røyst kvar, og det er ikkje høve til å røyste med fullmakt.

§ 12

Laget skal ha ei valnemnd på 3 medlemmer - med 1 representant for hushald/fastbuande, 1 representant for næringsliv/offentleg forvaltning og 1 representant for utanbygdsbuande hytteeigarar - valde for 3 år om gongen. Fyrste gong avgjer lutkast kva for medlem som er på val 1., 2. og 3. år. Årsmøtet vel og nemndas leiar.

§ 13

Styreleiaren/tenestegjerande styreleiar saman med eit styremedlem bind laget med si underskrift.

§ 14

Framlegg om oppløysing av laget må sendast medlemmene 2 månader før saka skal handsamast på årsmøtet. Oppløysing av laget må vedtakast av minst 2/3 av alle medlemmene. Vedtaket må godkjennast av Olje- og Energidepartementet. Oppløysinga er endeleg to år etter at vedtaket er godkjent. I tilfelle laget vert oppløyst, vert all overskytande kapital etter at all lagseige er selt overført til eit ålmennyttig fond som skal fremja ålmennyttige tiltak i konsesjonsområdet.

§ 15

Ein eventuell strid om korleis desse lover er å forstå vert avgjord ved voldgift.