Årsmøte 2018

Årsmøte Rauland Kraftforsyningslag SA

Raulandshuset - torsdag 14. juni 2018, kl. 19.00

Registrering av møtande medlemmer frå kl. 18.30.

Sakliste:

  1. Styreleiar/møteleiar opnar årsmøtet.
    1. Registrering av talet på frammøtte medlemmer og talet på røyster.
    2. Val av 2 medlemmer til å underteikne protokollen.
    3. Godkjenning av årsmøteinnkalling.
  2. Årsrekneskap og årsmelding.
  3. Vedtektsendring
    Sjå forslag til vedtektsendring i vedlegget lenger ned i saka.
  4. Val av styremedlemmer med varamedlemmer.
  5. Val av medlemmer og leiar til valnemndi.
  6. Val av registrert eller statsautorisert revisor.
  7. Fastsetting av godtgjersla til styret og revisor.

Årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding vert seinast ei veke før årsmøtet lagt ut her.

Her finn du og selskapet sine vedtekter der bl.a. forhold knytt til medlemskap og røysterett er fastsett.

Med helsing
for styret i RAULAND KRAFTFORSYNINGSLAG SA
Dag Dyre Vaa
Styreleiar

 

Vedlegg til sak 3 - vedtektsendring

 Endring av §3 i vedtektene 
I tråd med oppfordring frå årsmøtet i 2017 har styret i RK eit forslag til vedtektsendring. For ikkje å låse valnemnd til den geografiske representasjonen i styret ynskjer ein å gje opning for å velje representantar frå andre grendelag når det er vanskeleg å finne styrerepresentantar i frå kvar grend.

Ein foreslår fylgjande vedtektsendringar for årsmøtet:

  • Endre frå skal til bør om geografisk fordeling
  • 5 av dei 6 årsmøtevalde styremedlemane skal bu fast i forsyningsområdet
  • Personlege varamedlemmar fjernast og endrast til 2 faste varamedlemmer i tillegg til vara for tilsette.

Endring i vedtektene må ut på uravrøysting.

Forslag til ny §3:

Laget skal ha eit styre på sju medlemmer  og 2 årsmøtevalde varamedlemmer. Kvart kjønn skal vera representert med minst 40 % av medlemmene. Årsmøtet vel styremedlemmer og varamedlemmer for tre år om gongen. Medlemmene bør ha følgjande geografiske fordeling: 1 representant frå Arabygdi/Vaa, 2 representantar frå Rauland, 1 representant frå Møsstrond, 1 representant frå Øyfjell, 1 representant frå utanbygds-buande hytteeigarar. I tillegg vel dei tilsette 1 representant med personleg varamedlem.
Fyrste gong avgjer lutkast kva for 2 medlemmer og varamedlemer som er på val 1., 2. og 3. år. Tilsettes styremedlem og varamedlem følgjer perioden til dei som er uttrekt 3 år.    
5 av dei 6 årsmøtevalde styremedlemmane skal bu fast i forsyningsområdet.
Styret vel seg i mellom leiar og nestleiar for eitt år om gongen. Elverksjefen skal vera med i styremøte, med unnatak av dei saker som vedkjem han sjølv. Elverksjefen har ikkje stemmerett.

Framlegg til vedtak: Årsmøtet vedtek endring av §3 i vedtektene. Vedtektsendringa sendast ut til uravrøysting.