Overspenning har medført skade på utstyr.

Grunna overspenning i kraftnettet tysdag 30.mai kl. 09.15 er det registrert skadar på ein type 400V målar, Aidon 5530.  Me har ikkje registrert skadar på andre 400V målerar men kan ikkje utelukke det. RK vil oppfordre alle å sjekke om dei har straum då me ikkje veit omfanget av kor mange som er råka av overspenninga.

Det vil bli sendt ut SMS til dei som har denne type målar med beskjed om å sjekke at det er straum på installasjonen. Om det ikkje er straum så kan målar vera defekt. Tak kontakt med oss slik at me kan byte ut defekt målar.  Om det er anna utstyr som er øydelagt så må kvar enkelt ta kontakt med installatør og forsikringsselskap.