Ledig stilling Skogsarbeidar linjerydding

Rauland Kraftforsyningslag SA er eit privat eigd nettselskap som er lokalisert i Rauland. Våre primære driftsoppgåver på nettavdelinga er drift av regionalnett, distribusjonsnett og fibernett.

Rauland Kraftforsyningslag har ei ordning der me leiger inn ekstern hjelp til rydding av våre linjetraséar i høg- og lågspentnettet. Me lyser med dette etter 1-2 personar i enkelmannsføretak eller liknande som på sesongbasis kan foreta linjerydding i våre linjetraséar.

Det vil bli lagt vekt på lokalkunnskap, langsiktigheit og moglegheit til arbeid i barmarkssesongen. Ein må kunne arbeide sjølvstendig og ha erfaring frå skogsdrift.

Det vert gjeve opplæring innanfor sikkerhet med arbeid nær ved høg- og lågspentanlegg. Søkar må ha dei nødvendige kvalifikasjonane for å ta seg rundt og handtere utstyr i forbindelse med skogsarbeidet. Søkjar må sjølv ha nødvendig utstyr

Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål sendast innan 1. april 2018 til

epost@rauland-kraft.no

eller

Rauland Kraftforsyningslag
Raulandsvegen 1713
3864 Rauland

Nærmare opplysning om stillinga kan ein få ved å vende seg til nettsjef Aslak H. Øygarden på telefon 35062060.