11 av 15 fast tilsette hjå Rauland Kraftforsyningslag går ut i streik

Frå måndag 24. oktober går nesten heile staben i Rauland Kraftforsyningslag ut i streik, det er EL og IT Forbundet og Fagforbundet som tek ut sine lokalavdelingar i denne streiken.

På landsbasis er det ca. 1100 tilsette i 74 energibedrifter som streikar.

Årsaka til streiken er ueinigheit om avspaseringsregelen i forbindelse med beredskapsvakt og tariffesting av antal dagar fri etter endt vakt.

RK inngår avtale med El og It si lokalavdeling om beredskapsvakt i streikeperioden for å sikre liv, helse og vitale verdiar.

RK ber om forståing for at me vil ha redusert service i streikeperioden. Ved straumbrot kan feilretting ta langt meir tid enn normalt. Ordinær anleggsverksemd og tilkobling av nye installasjonar og byggjestraumskåp vil dessverre måtte utsetjast til streiken er over.