Snømengder i Raulandsområdet.

Det har kome uvanleg store snømengder i Raulandsområdet. Me oppmodar om å sørge for nødvendig moking av hyttetak. Abonnentar med luftledning inn til hytta må sørge for at denne ikkje blir belasta av snøen på taket.

Snøen tynger ned linjene/innstrekka på veggen, dette vil ofte resultere i at noko må gi seg, vindskier, veggfeste, stolpe eller at linja rett og slett ryk av.  Om ein tek vekk snoen rundt linja vil trykket bli borte og ein slepp skader.

Det er og ein del bygg i Raulandsområdet som har kolapsa av snøtyngda så det er lurt å sjekke taket for snø.

Ynskjer og tilbakemelding om de ser linjer som har spesielt mykje snolast eller tre som ligg over linjer der me bør ut å kontrollere.