Feil i høgspentnettet

Deffekt isolator i Strandbekk

Me hadde i pinsa ein del straumbrot, feilen vart utløyst ved at deffekte komponentar vart våte av regnet. Det var bytt komponentar i høgspentnettet både laurdag og sundag som medførte at feilen tilsynlatande vart borte.

Tysdag vart det rekvirert helikopter for å gjennomføre linjebefaring då me misstenkte at det var fleir feil i høgspentnettet i området Vierli. Frå lufta vart det oppdaga ein feil til og mannskap vert sett på med ein gong for å utbetre feilen. Straumutfallet tysdagskveld var på grunn av at regnet kom før mannskapet var på plass og fekk isolert feil vekk frå hovudnettet. Natt til onsdag vart feilen retta og me har oppretta normal drift igjen

Rauland Kraftforsyningslag beklagar ulempene dette førte med seg og gjer det me kan for å oppretthalde ein så god og stabil forsyning som råd er med dei resursane me har tilgjengeleg.