Nye faktureringsrutiner

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har med verknad frå 1.januar 2016 vedteke forskriftsendringar som gjer at nettselskapa etter denne dato plikter å fakturere nettenester til alle forbrukere etterskotsvis minimum kvar tredje månad på bakgrunn av målaravlesing. 
Som fylgje av  forskriftsendringa vil alle fritidsboliger og næringskunder som tidlegare har hatt forskotsfaktura  no fakturerast etterskotsvis etter målaravlesing.
For å kunne fakturere ditt faktiske forbruk, treng vi ei målaravlesing. Om du ikkje les av målaren vil avrekninga verte basert på eit berekna forbruk. Vi ber deg om å melde inn avlesen målarstand så ofte som råd. Avlesen målarstand kan meldast inn når som helst.

Avlesen målarstand kan meldas inn via for eksempel "min side" eller SMS.

På "min side" kan ein og registrere mobilnr eller epostadresse for å få påminning om avlesing.

I samband med endra faktureringsrutiner vil forfallsdato på rekningane endrast til den 20. i faktureringsmånaden.